Advokat Anne-Sofie Lutro AS
Advokat Anne-Sofie Lutro AS
Medlem av Den Norske Advokatforening

Velkommen

 

Advokat Anne-Sofie Lutro AS vart etablert i februar 2016.

Advokat Anne-Sofie Lutro AS består av advokat Anne-Sofie Lutro som inngår i kontorfellesskap med advokat Gunnar Svartveit.
Vi held til i felles kontorlokaler i Skulegata 12 på Voss, i tredje etasje over Jernia i Uttrågata.

Underteikna har også eit kontor på Lutro i Ullensvang herad samt tilgjengeleg kontorlokale i Odda.

 

 

 

Min faglege bakgrunn

 

Utdanning:

  • Juridisk embetseksamen 2003

 

Erfaring:

  • Dommarfullmektig ved Hardanger tingrett 2013-2016
  • Fast advokat ved Advokatfirma Stiegler ANS 2006-2013
  • Advokatfullmektig ved Advokatfirma Stiegler ANS 2005-2006
  • Førstekonsulent ved Lotteri- og Stiftingstilsynet 2004-2005
  • Praktikant ved advokatfirma Lindh Stabell Horten DA 2002-2004

Møterett for Høgsterett frå november 2011.

 

 

 

Anne-Sofie Lutro

Litt om meg

 

Eg er sjølv oppvaksen i Ullensvang herad, men har i samband med studier og arbeid budd i Bergen i til saman 15 år før eg flytte tilbake i 2012. Eg vart uteksaminert frå Universitetet i Bergen med juridisk embetseksamen i 2003. Etter ca. 1 år ved Lotteri og Stiftingstilsynet i Førde arbeidde eg som advokatfullmektig og deretter fast advokat ved Advokatfirma Stiegler ANS i Bergen i over 8 år. Dei siste tre åra har eg arbeidd som dommarfullmektig ved Hardanger tingrett.

 

I løpet av tida i Advokatfirma Stiegler ANS gjennomførte eg to prøvesaker for Høgsterett og har sidan november 2011 hatt møterett for Høgsterett. Gjennom mi karriere har eg opparbeidd erfaring med ei rekkje forskjellige sakstypar. For ei nærmare opplisting av min kompetanse sjå «Sakstypar» over.